Treningstider haust 2017

Mandag:
17:30-18:30 - Barn-1 (7- 8)
17:30-18:30 - Ungd./voksn (12+)
18:30-19:30 - Barn-2 (9-11)
21:00-22:30 - Grappling/BJJ

Onsdag:

17:30-18:15 - Tigrane (5-6)
18:30-19:30 - Poomsa/Kamp
19:30-20:30 - Høgbelte

Torsdag:

17:30-18:30 - Barn-1 (7-8)
17:30-18:30 - Barn-2 (9-11)
18:30-20:00 - Ungd./voksn (12+)
20:15-22:00 - Grappling/BJJ 

Nyheter

Bli med på TTU Sommerleir 2017

Bli med på TTU Sommerleir!

Vi er ein gjeng som har reist frå klubben vår dei siste åra, og vi storkosar oss på leiren.
Leiren er på Hadeland Folkehøgskule og overnattinga skjer enten i klasserom eller ein kan leige rom.

Dette er ein leir som passar for heile familien, om du trenar eller ei.
Det blir tilpassa trening både for store og små, foreldre kan kose seg medan ungane blir tatt hånd om av dyktige instruktører. Eller ein kan delta på foreldretrening.
Aktivitetar er fleire typar treningar, sjølvsagt taekwondo, men også andre type kampsportar, sjølvforsvar, yoga mm.
Det arrangeres også kurs i koreans matlaging, og gjerne koreansk sang og dans. Programmet varierer år for år, alt etter kva instruktørar som kjem.
På kveldane kosar vi oss rundt leirbålet, eller ungane kosar seg med disko eller anna leik.

Leiren startar onsdag 28. juni, denne dagen er det svartbelte gradering . Vi har to utøvere i klubben som vi håpar er klar til 1. dan graderinga.
I år er det mange mastere som skal opp til gradering, så dette blir ein spennande dag.
Leiren varer fram til søndag. Om du har vanskeleg for å få fri frå jobb eller anna, så er det fult mulig å være med delar av leiren, det er ingen krav om at ein skal være med på heile leiren.

Det er samla påmelding frå klubben. Betaling og påmelding inn til oss må skje innan 12. juni for å være med på samla påmelding.
Det er også mulig å etterpåmelde seg, men då blir det litt dyrare (+10%) og ein må sjølv ordne med påmeldinga direkte.

Er du interessert? Send gjerne ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 

Sommerleir2017

 

Copyright © 2014, Nils Petter Fredheim. All Rights Reserved.