Treningstider haust 2017

Mandag:
17:30-18:30 - Barn-1 (7- 8)
17:30-18:30 - Ungd./voksn (12+)
18:30-19:30 - Barn-2 (9-11)
21:00-22:30 - Grappling/BJJ

Onsdag:

17:30-18:15 - Tigrane (5-6)
18:30-19:30 - Poomsa/Kamp
19:30-20:30 - Høgbelte

Torsdag:

17:30-18:30 - Barn-1 (7-8)
17:30-18:30 - Barn-2 (9-11)
18:30-20:00 - Ungd./voksn (12+)
20:15-22:00 - Grappling/BJJ 

Nyheter

Oppstart hausten 2017

Kjære medlemmer og føresette.

Ein ny sesong står for dørene, og vi ønskjer dykk velkommen til oppstart i veke 35/36.
Det har blitt nokre små justeringar på treningstidene i år og vi håpar vi skal klare å gje dykk alle eit godt tilbod.

Vi har mange barn i klubben, og ser at vi må innføre venteliste på fleire parti. Alle som mottar denne informasjonen står oppført som medlem eller foresatt på ein eller fleire utøvarar. Dersom ein har slutta i klubben og ikkje skulle mottatt denne informasjonen, er det fint om vi får tilbakemelding på dette slik at vi får oppdatert medlemslistene våre. Utøvere som står på venteliste får også raskere svar på om dei får plass eller ikkje, om vi har eit oppdatert medlemssystem.

I år har vi gjort litt endring på barnepartia (alder 7-12 år). Basert på medlemsmassen vi hadde ved fram til sommarferien, blir det mest hensiktsmessig å dele partia inn etter alder. Sjå beskriving av dei ulike partia nedanfor. Dersom nokon av ulike grunnar ønskjer at sitt barn skal være på eit anne parti enn inndelinga nedanfor tilseier så ta kontakt. Vi er fleksible og mest opptatt av barnas beste.

Klubben har lenge hatt ønske om å satse på ungdom, og jobbe for å auke talet på ungdom i klubben. Vi setter derfor i gang eit prosjekt der vi tilbyr gratis trening ein gong i veka for nybegynnere i alder 13 – 18 år. Meir informasjon om prosjektet vil komme etter kvart, men tips gjerne alle du kjenner i rette målgruppe. Dette partiet startar opp veke 36.

Som vi har sagt før, taekwondo er for alle. Fleire foreldre har hatt ønskje om å begynne på trening, og vi har derfor prøvd å legge til rette for at det skal bli mulig. Vi har derfor lagt opp til trening for Ungdom/Vaksne samtidig som Barn 1 på mandagar. Så til alle foreldre og alle andre vaksne, ta utfordringa og prøv ut taekwondo som treningsform.

28. oktober skal klubben arrangere Vestlandscup for første gang. I den samanheng vil vi trenge ein del hjelp både i kiosk og anna praktis. Vi håpar mange foreldre vil stille opp og bidra denne helga,slik at vi få r gjennomført stemnet på ein god måte. Det vil bli kalla inn til møte kort tid etter sesongoppstart.

  • Det var på årsmøtet 2017 vedtatt å auke medlemskontingent til følgande satsar:
    Barn 5-6 år kr 400,- pr halvår,
    Barn 7-11 år kr 600,- pr halvår,
    Ungdom 12 – 18 år kr 1200,- pr halvår,
    Vaksne kr 1400,- pr halvår.

    Følg linken for detaljar rundt treningsplan og inndeling i parti

    Copyright © 2014, Nils Petter Fredheim. All Rights Reserved.