Cart 0
Cart 0

respekt. selvforsvar. disiplin.

lenihd 01.jpg
 

Velkommen til Florø Taekwondodjang

Her er barn, unge og vaksne i alle aldrar velkomne til allsidig trening med kvalifiserte instruktørar. Treninga er morosam og interessant, og du treng ingen forkunnskapar.

Florø Taekwondo har eksistert sidan 2007 og er medlem av Norges Kampsportforbund og Traditional Taekwondo Union.

Vi har samarbeid med Flora Frivilligsentral, så om du treng hjelp for å klare treningsavgiften, er det berre å ta kontakt.

Aktuelt

Endring i treningstider - NB! Ny informasjon f.o.m. 20.03.2019

Vi har i ein periode på 4 veker splitta ungdom/voksen partiet i lav- og høgbelter. Målet med denne oppdelinga, var å få dekka graderingspensum på ein betre måte for dei respektive gruppene.

Etter eit evalueringsmøte har vi bestemt oss for å gå tilbake til opprinneleg løysing med felles trening for alle grader, men med fleire trenarar på partiet. Endringa innførast umiddelbart.

Trening onsdagar vil bli gjort om til tematrening, men førstkomande onsdag (20.03) blir det ikkje trening for voksne. (Tigrane trener som normalt)

Treningsleir i Florø 23. - 24. mars

Vi får besøk av GM Cho og Master Anna Kim. Gøy, sosialt og relevant for gradering! Foreløpig program er no klart og vi håpar så mange som mulig har anledning til å delta!

Hugs å melde deg på treningsleiren ved å betale i nettbutikken. Utvida påmeldingsfrist - det er framleis mulig å melde seg på!

Laurdag blir det tacokveld på ungdomsskulen for alle deltakarar på treningsleiren. Her er også resten av familien velkommen - ta med foreldre, søsken eller venner! Meld deg på her (gjeld ikkje deltakarar, taco er allereie inkludert i prisen for leiren). For at vi skal klare å berekne nok mat, ber vi om påmelding seinast fredag 22.03.

 

KommAnde Arrangement