Album
2014 Mars - Trening og Gradering
Picasa user or album is not correct
2013 Vestlandscup
Uttrekk frå Firdaposten 14. februar 2013:
BERGEN: Florø-utøvarane i kampsporten taekwondo testa kunnskapane sine i Laksevåg i helga. Dei kunne reise heim med haka høgt heva.
Florø Taekwondo Klubb deltok med fire utøvarar pluss coach Arild Berg, som er klubben sin hjelpetrenar. Arenaen var Vestlandscup 1 i Laksevåg Idrettshall i Bergen.
Gull og Sølv
Jonas Toft, 10 år, var yngstemann og deltok på barneparti gutar. Der vart alle utropte til vinnarar.
Martin Andre Øren Nes, 14 år og Daniel Toft, 16 år, deltok i klassen herrar junior. Dei møtte god motstand, men Daniel Toft kom seg til finale og tok gull. Martin Andre endte på 4. plass.
Sebastian Belsvik, som også er klubben sin hovudtrenar, deltok i klassen herrar senior. Han kom seg til finalen og tapte med eit fattig poeng og enda opp med sølv.
Stolt
Som leiar for klubben er eg mektig stolt over innsatsen til gutane. Det var kjekt å få vere med og oppleve konkukrransen. Helga har gitt oss gode erfaringar vidare. Ikkje minst inspirasjon til å fortsette mot nye meisterskap. Vi satsar på å få med oss fleire utøvarar ved neste anledning som er allereie i april, fortel Leni Kristiansen.
Sjekk ut resultatlista på kampsport.no.