CUP Gradering

Florø Taekwondo arrangerer gradering to gongar per år.

Det er trenar som vurderer om ein utøvar er klar for gradering eller ikkje, men det er heilt frivillig om ein ønskjer å gradere seg.

I forkant av gradering kommer vil til å ha teoriprøve og prøvegradering for alle barn; det blir sendt ut beskjed i forkant.

Alle barn som er klar for gradering, vil motta ein lapp som dei kan ta med heim til foreldrene. Trenar ser på heilheten ved vurdering om barn er klar for gradering eller ikkje. Vi oppmodar alle til å trene heime, men spesielt viktig er dette for dei som ikkje kan komme på kvar trening. Har ein lite oppmøte og generelt dårlig gjennomføring av teknikker/mønster ol. på trening, så er ein ikkje klar for gradering.

Vaksne skal ha fysisk test i tillegg til skrifteleg teoriprøve.

For å bli klar til gradering treng ein å trene jamt gjennom semesteret. Kor mykje tid kvar enkelt treng vil variere, men vi anbefaler å delta på minimum 75% av dei faste treningane. Dette er ingen garanti for å bli klar, ein del kan trenge meir tid. Dette handlar ikkje berre om å kunne pensum, men også om å bli fysisk moden nok.

Trenarane registrerer oppmøte på treningane. Dette vil telje med i ei samla vurdering av om ein utøvar er klar for gradering eller ikkje.

Dersom du veit at du/ditt barn ikkje har høve til å delta på 75% av treningane bør du kontakte trenar og ta ein prat om trening og gradering. Dette gjeld til dømes born som har andre aktivitetar som kolliderer med treningstidene.

Hugs også at det er mogleg å delta på ekstratrening onsdagane, og at det uansett er anbefalt å gjere eigentrening heime.

Linker

TTU - Pensum til gradering.

WT POOMSAE (CUP)

WT POOMSAE (DAN)


Pensum for Cup-gradering

 
 

 
 

8.cup

Poomsae: Taeguk Il Jang

Matchoue Kyorugi: Sebon Kyorugi 1-2

 
 

 
 

7.cup

Poomsae: Taeguk Il Jang, Taeguk I Jang

Matchoue Kyorugi: Sebon Kyorugi 1-3, Hanbon Kyorugi (hånd) 1-2

 
 

 
 

6.cup

Poomsae: Taeguk I Jang, Taeguk Sam Jang

Matchoue Kyorugi: Sebon Kyorugi 1-4, Hanbon Kyorugi (hånd) 1-4, Hanbon Kyorugi (fot) 1-2

Hosinsul: Palmok Jabgi 1-2, Mom Jabgi 1-2

Jayou Kyorugi: Frikamp mot 1 motstander

 
 

 
 

5.cup

Poomsae: Taeguk Sam Jang, Taeguk Sa Jang

Matchoue Kyorugi: Sebon Kyorugi 1-5, Hanbon Kyorugi (hånd) 1-6, Hanbon Kyorugi (fot) 1-4

Hosinsul: Palmok Jabgi 1-6, Mom Jabgi 1-4

Jayou Kyorugi: Frikamp mot 1 motstander

 
 
 

4. CUP

Poomsae: Taeguk Sa Jang, Taeguk Oh Jang

Matchoue Kyorugi: Sebon Kyorugi 1-6, Hanbon Kyorugi (hånd) 1-8, Hanbon Kyorugi (fot) 1-6, Hanbon Kyorugi (kombinasjon) 1-2

Hosinsul: Palmok Jabgi 1-8, Mom Jabgi 1-4, Jireugi 1-2

Jayou Kyorugi: Frikamp mot 1 motstander, Avtalt kamp mot 2 motstandere

Kyokpa: 1 håndteknikk, 1 fotteknikk


3.cup

Poomsae: Taeguk Oh Jang, Taeguk Yuk Jang

Matchoue Kyorugi: Sebon Kyorugi 1-7, Hanbon Kyorugi (hånd) 1-8, Hanbon Kyorugi (fot) 1-8, Hanbon Kyorugi (kombinasjon) 1-4

Hosinsul: Palmok Jabgi 1-8, Mom Jabgi 1-4, Jireugi 1-4

Jayou Kyorugi: Frikamp mot 1 motstander, Avtalt kamp mot 2 motstandere

Kyokpa: 1 håndteknikk, 1 fotteknikk (hoppspark)


2.cup

Poomsae: Taeguk Yuk Jang, Taeguk Chil Jang

Matchoue Kyorugi: Sebon Kyorugi 1-8, Hanbon Kyorugi (hånd) 1-8, Hanbon Kyorugi (fot) 1-8, Hanbon Kyorugi (kombinasjon) 1-6

Hosinsul: Palmok Jabgi 1-8, Mom Jabgi 1-4, Jireugi 1-4

Jayou Kyorugi: Frikamp mot 1 motstander, Avtalt kamp mot 2 motstandere

Kyokpa: 1 håndteknikk, 2 fotteknikk (1 fri, 1 hoppspark)


1.cup

Poomsae: Taeguk Chil Jang, Taeguk Pal Jang

Matchoue Kyorugi: Sebon Kyorugi 1-8, Hanbon Kyorugi (hånd) 1-8, Hanbon Kyorugi (fot) 1-8, Hanbon Kyorugi (kombinasjon) 1-8

Hosinsul: Palmok Jabgi 1-8, Mom Jabgi 1-4, Jireugi 1-4

Jayou Kyorugi: Frikamp mot 1 motstander, Avtalt kamp mot 2 motstandere

Kyokpa: 1 håndteknikk, 2 fotteknikk (1 fri, 1 hoppspark), 2 takstein (for damer over 18 år), 4 takstein (for herrer over 18 år)