Treningstider haust 2017

Mandag:
17:30-18:30 - Barn-1 (7- 8)
17:30-18:30 - Ungd./voksn (12+)
18:30-19:30 - Barn-2 (9-11)
21:00-22:30 - Grappling/BJJ

Onsdag:

17:30-18:15 - Tigrane (5-6)
18:30-19:30 - Poomsa/Kamp
19:30-20:30 - Høgbelte

Torsdag:

17:30-18:30 - Barn-1 (7-8)
17:30-18:30 - Barn-2 (9-11)
18:30-20:00 - Ungd./voksn (12+)
20:15-22:00 - Grappling/BJJ 

Litt om Florø Taekwondo Klubb

Florø Taekwondo Klubb blei formelt stifta 12. februar 2011, men har eksistert sia 2007. 

WTF taekwondo er ein allsidig form for trening der heile kroppen blir brukt. Ein trenar kjernemuskulatur, spenst, styrke, hurtighet, koordinasjon, reaksjon, konsentrasjon og disiplin. Treninga er morsom og interessant, og du treng ingen forkunnskapar . Kvalifiserte instruktørar undervise og hjelper deg på kvar trening. Kvar enkelt utøvar trenar på sitt nivå, med eigne målsettingar. Ved trening av taekwondo bygger ein sjølvtillit. Barn og ungdom som er usikre og forsiktige blir tryggare på seg sjøv og får ein sterkare utstråling. Ein lærer å ta ansvar for eigne hanlingar og tørr ta sine egine val.

Klubben er medlem i Norges Kampsportforbund (NKF), som er et fleiridrettsforbund innen Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Våre medlemmar under 13 år er forsikra gjennom NIFs barneidrettsforsikring via If Skadeforsikring. Registrerte klubbmedlemmer 13-75 år er forsikra gjennom Norges kampsportforbunds ulykkesforsikring via Sportscover

Vi er også medlem i Traditional Taekwondo Union (TTU). TTU er en europeisk venskaps organisasjon som jobber for å ta vare på  dei tradisjonelle verdier som finnes i taekwondo, som ein motvekt til sporten taekwondo.

Klubben har følgande parti:

Tigrane (5-7 år): Hausten det året du har fylt 5 år, er du velkommen til klubben.  På dette partiet har vi fokus på å motorikk og mental trening gjennom leik og moro. Samtidig har vi målretta trening mot eigne Tiger graderingar for borna. Partiet har trening ein gong i veka. Vi har opptak av nye utøvarar rundt skulestart på hausten. Tilbodet for denne aldersgruppa er populær, vi har derfor satt opp venteliste. Kontakt oss på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. for å registrere ditt barn på venteliste.

Barn Lavbelte (7-12 år): Lavbelter er for alle barn i alder 7-12 år, frå nybyrjar til gult belte med grønn stripe.Vi har framleis mykje leik, men trenar veldig målretta mot gradering. Partiet har opptak av nye utøvarar på hausten. Også dette partiet er populært, og vi vil vurdere fortløpande behov for venteliste.

Barn Høgbelte (7-12 år): Partiet er for barn med grønt belte (7 cup) og oppover, med spesielt fokus på pensum på høgare nivå. Har du vore med på taekwondo før og har lyst å begynne igjen, så ta kontakt med klubben, eller møt opp på ei trening.

Ungdom/voksne (frå 12 år): I dette partiet har vi slått saman ungdom og vaksne og dette fungerer veldig fint. Frå ca 12-13 år kan ein trene saman med dei voksne. Dette går veldig fint, då treninga blir tilpassa den enkelte. På dette partiet har vi opptak av nye utøvarar heile året. Har du lyst å prøve, så still opp på trening med godt humør. Alder og fysikk er ingen hindring.

Grappling/BJJ: Hausten 2016 starta vei ei eiga avdeling med Grappling/BJJ. Aldersgrensa er 16 år for dette partiet. Dette er ein idrett som er ein god kombinasjon saman med taekwondo.

Som medlem i klubben, stiller du fritt til å delta på alle treningar dersom du tilfredstiller krav enten til grad eller alder.