Treningstider haust 2017

Mandag:
17:30-18:30 - Barn-1 (7- 8)
17:30-18:30 - Ungd./voksn (12+)
18:30-19:30 - Barn-2 (9-11)
21:00-22:30 - Grappling/BJJ

Onsdag:

17:30-18:15 - Tigrane (5-6)
18:30-19:30 - Poomsa/Kamp
19:30-20:30 - Høgbelte

Torsdag:

17:30-18:30 - Barn-1 (7-8)
17:30-18:30 - Barn-2 (9-11)
18:30-20:00 - Ungd./voksn (12+)
20:15-22:00 - Grappling/BJJ 

Dojang reglar

I taekwondo er det viktig å vise respekt og verdighet overfor kvarandre og sitt treningslokale.

Vi viser derfor her til nokre retningslinjer for korleis ein skal oppføre seg i dojang (treningslokale)

 

  1. INN OG UT AV DOJANGEN
    Når ein skal inn eller ut av dojang, må ein stille seg i charyot-seogi og helse til flagget. Dersom master kjem inn i lokalet under trening, eller vi får besøk av andre klubber, skal alle helse samla.

  2. OPPSTILLING
    I taekwondo er utøvarane organisert etter beltegrad. Oppstillinga skal skje raskt slik at ein er klar når instruktøren skal sette i gang treninga. Den høgst graderte har ansvar for at det er orden i rekkene.

  3. START- OG SLUTTPROSEDYRE
    Ein startar og sluttar treninga ved å helse på flagget og instruktøren. Den høgst graderte står for kommandoen. Til slutt helsar ein også på høgst graderte som takk for god orden. Ein skal alltid snu og rette på drakta før disse prosedyrene blir gjennomført.

  4. ADFERD
    Det skal alltid være ro i dojangen, og ein skal være konsentrert om treninga. Dersom ein går saman to og to, bukker ein for kvarandre først. Treningspartner skal behandles med høflighet og respekt

  5. FORSENTKOMMING
    Den som kjem for seint går fram og helsar på trenar, og ventar på vidare instruksar.
    Å komme for seint uten god grunn er dårlig haldning. Vær heller ute i god tid slik at du kan forberede deg mest mulig til treninga!

  6. INSTRUKSER
    Ein skal kun gjere de øvingar instruktøren gir beskjed om. La være å klø og hold stillingane sjølv om du er sliten. Dette er både mental og fysisk trening av største verdi for ein Taekwondoutøvar. Kunn på ”Såh” kan du slappe av. Tilkallar instruktøren deg skal du svare høgt og tydeleg ”Ja, Yoganim/Kyosanim/Sabumniem”. Dette er for å bevare disiplinen.

  7. HENVENDE SEG TIL INSTRUKTØREN
    Ein skal rekke opp handa og bruke instruktørens tittel dersom ein har spørsmål. Husk å takke for hjelpen du har fått ved å bukke. Må ein forlate dojangen under treninga skal ein sei ifrå til instruktøren. Dette gjer ein ved å bukke og høflig be om lov.

  8. HOLDNING
    Står instruktøren og forklarer skal ein stå i Pyonchiseogi eller sitte i Ancha, etter instruktørens kommando. Len deg ikkje inntil veggen eller ha armane i kors.

  9. DRAKT OG HYGIENE
    Tyggegummi, smykke eller andre ting som kan skade deg sjølv eller andre er ikkje tillate i dojangen. Drakta skal være rein og ein bør ikkje gå ute med drakta til og frå trening. Ein skiftar i garderoben, eller har overtrekksdrakt over drakta. Personleg hygiene er viktig. Neglene skal være korte og føtene reine.

  10. SKADER
    Har du ein skade er det viktig at du seier ifrå til instruktøren før treninga startar, for å hindre forverring. Dersom ein ikkje opplyser om dette kan også instruktøren oppfatte deg som slapp eller energilaus.

Dersom du følgjer dojang-etiketten utviklar du ein respekt for deg sjølv og andre. Ikkje minst utviklar du evna til årvåkenhet og konsentrasjon.

Copyright © 2014, Nils Petter Fredheim. All Rights Reserved.