Treningsleir i Florø 25.-27. oktober 2019
Oct
25
to Oct 27

Treningsleir i Florø 25.-27. oktober 2019

OPPDATERT: Detaljert program for helga finn du her NB! Merk endringar i nokre tidspunkt.

Vi gjentek suksessen frå i vår og arrangerer treningsleir for lokale og tilreisande. Det blir ei helg full av aktivitetar for store og små!

Kamptrening m/utstyr, filmvisning, konkuransar, leik, sjølvforsvar og sparketeknikkar er berre nokre av stikkorda for helga. Sjå meir info her.

Hjelp oss å gjere leiren fantastisk! Har du forslag til leiren, eller ønsker du å hjelpe til? Registrer dine bidrag her.

Påmelding gjer du i nettbutikken.

Instruktørar:

Master Eirik er hovudinstruktør i Evje Taekwondo klubb, har instruert i 19 år og vært hovudinstruktør i 15 år. Han er også militær nærkamp-instruktør og har fokus på anvendeleg sjølvforsvar og friare taekwondo kamp.

Master Thomas er hovudinstruktør i Kvernbit Taekwondo og har erfaring frå forskjellige stilartar som Kali Sikaran, og Jiu-Jitsu. Han har fokus på sjølvforsvar mot spark og slag, samt sparke-teknikkar. Instruktørane gler seg til treningsleiren, og det gjer vi óg!

View Event →

Årsmøte 2019
Mar
4
7:15 PM19:15

Årsmøte 2019

Vi kallar med dette inn til Årsmøte 2019 i Florø Taekwondo.

Tid: Mandag 4. mars 2019, kl. 19:15
Stad: Møterommet i Florahallen

Forslag til saker sendast inn til post@taekwondoklubben.no seinast ei veke før møtet. Saksliste vil bli sendt ut når fristen for å melde inn saker er ute.

Vel møtt!

Helsing Styret

Oppdatering: Saksliste ligg her.

View Event →
Nyttårsleir på Osterøy
Jan
25
to Jan 27

Nyttårsleir på Osterøy

Nyttårsleiren er en treningshelg som passer for alle - både barn og voksne uansett alder og beltegrad. Du inviteres til mange gode treninger sammen med taekwondovenner fra inn og utland. Som vanlig har vi overnatting på Bruvik skule, så ta med liggeunderlag og sovepose - og masse godt humør.

View Event →