Back to All Events

Treningsleir i Florø 25.-27. oktober 2019


OPPDATERT: Detaljert program for helga finn du her NB! Merk endringar i nokre tidspunkt.

Vi gjentek suksessen frå i vår og arrangerer treningsleir for lokale og tilreisande. Det blir ei helg full av aktivitetar for store og små!

Kamptrening m/utstyr, filmvisning, konkuransar, leik, sjølvforsvar og sparketeknikkar er berre nokre av stikkorda for helga. Sjå meir info her.

Hjelp oss å gjere leiren fantastisk! Har du forslag til leiren, eller ønsker du å hjelpe til? Registrer dine bidrag her.

Påmelding gjer du i nettbutikken.

Instruktørar:

Master Eirik er hovudinstruktør i Evje Taekwondo klubb, har instruert i 19 år og vært hovudinstruktør i 15 år. Han er også militær nærkamp-instruktør og har fokus på anvendeleg sjølvforsvar og friare taekwondo kamp.

Master Thomas er hovudinstruktør i Kvernbit Taekwondo og har erfaring frå forskjellige stilartar som Kali Sikaran, og Jiu-Jitsu. Han har fokus på sjølvforsvar mot spark og slag, samt sparke-teknikkar. Instruktørane gler seg til treningsleiren, og det gjer vi óg!

Earlier Event: July 10
TTU Sommerfestival 2019