medlemsinformasjon

Registrering

Nye medlemmar må registrere seg her.

Medlemskontingent

Kontingent skal betalast kvar vår og haust. Du betalar enklast i nettbutikken vår. Her kan du betale medlemsskap for heile familien. Første og eldste medlem i familien betalar full pris etter alder, deretter vel ein rabattert pris for øvrige medlemmar. Minimum pris er 400,-. Du kan også betale på VIPPS 91646 eller til konto 3705.17.77914 - hugs då å merke betalinga med namn på utøvar. Vi har samarbeid med Flora Frivilligsentral, så om du treng hjelp for å klare treningsavgiften, er det berre å ta kontakt.

Samtykkeerklæring

Alle medlemmar må fylle ut samtykkeerklæring for deling av bilde og film. Føresatte fyller ut for sine barn. Både dei som vil reservere seg mot deling og dei som ikkje vil reservere seg må fylle ut.

Ulukkesforsikring

Våre medlemmar under 13 år er forsikra gjennom Norges Idrettsforbunds barneidrettsforsikring via If Skadeforsikring. Registrerte klubbmedlemmar 13-75 år er forsikra gjennom Norges kampsportforbunds ulykkesforsikring via Sportscover. Som medlem av Norges Kampsportforbund er du omfatta av forbundet si ulykkesforsikring. Les meir. Sjå skademeldingsskjema her.

Instruktør (hovudtrenar - hjelpetrenar)

Har du lyst til å være trenar eller hjelpetrenar? Som instruktør får du ikkje berre bidratt som ein viktig ressurs for klubben, men du lærer også veldig mykje sjølv. Send ei melding til post@taekwondoklubben.no.

Når du får raudt belte, er det obligatorisk å bidra som instruktør. Alle raudbelter vil bli sett opp på ein rulleringsplan..

Alle hovudtrenarar får dekka årleg medlemskontingent og avgift for gradering til svart belte. Drakt blir dekka etter behov.

Alle hjelpetrenarar får dekka ei drakt og ei valfri bok frå web shopen.