Florø Taekwondo

bw2.jpg

Florø Taekwondo blei formelt stifta 12. februar 2011, men har eksistert sidan 2007. Våren 2019 passerte vi 100 aktive medlemmar!

Allsidig trening - fysisk og mentalt

WTF taekwondo er ein allsidig form for trening der heile kroppen blir brukt. Ein trenar kjernemuskulatur, spenst, styrke, hurtigheit, koordinasjon, reaksjon, konsentrasjon og disiplin. Treninga er morsom og interessant, og du treng ingen forkunnskapar . Kvalifiserte instruktørar underviser og hjelper deg på kvar trening. Kvar enkelt utøvar trenar på sitt nivå, med eigne målsettingar. Ved trening av taekwondo bygger ein sjølvtillit. Barn og ungdom som er usikre og forsiktige blir tryggare på seg sjøv og får ein sterkare utstråling. Ein lærer å ta ansvar for eigne handlingar og å tørre å ta sine egine val.

Tilknytta NKF og TTU

Klubben er medlem i Norges Kampsportforbund (NKF), som er et fleiridrettsforbund innen Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).

Vi er også medlem i Traditional Taekwondo Union (TTU). TTU er en europeisk venskapsorganisasjon som jobbar for å ta vare på dei tradisjonelle verdiane som finnast i taekwondo, som ein motvekt til sporten taekwondo.

Styret

Etter årsmøtet i 2019 består styret av følgjande personar:

Leiar Quynh Le - Nestleiar Nina Seljestokken

Styremedlem 1 Anne Marie Baugstø-Hartvigsen - Styremedlem 2 Magne Hopland - Styremeldem 3 Arild Berg

Varamedlem 1 Kjersti Midtbø - Varamedlem 2 Øyvind Nordtveit

Kontakt

For kontaktinformasjon, sjå nederst på sida

Medlemskap

For informasjon om medlemsskap, sjå Medlemssida

Årsmøte 2019

Protokoll - Årsmelding - Organisasjonsplan

Treningsleir i Florø 23. - 24. mars 2019

Sjå bilder frå leiren på Facebook og Firdaposten!

TRENINGSPARTIA VÅRE:

 
 

 
 

Tigrane (5-6 år)

Hausten det året du har fylt 5 år, er du velkommen til klubben. På dette partiet har vi fokus på motorikk og mental trening gjennom leik og moro. Samtidig har vi målretta trening mot eigne Tiger-graderingar for borna. Partiet har trening ein gong i veka. Det er begrensa med plass, så det er første tiger til mølla som gjeld. For å setje deg på venteliste, send ein e-post med namn på barnet, fødselsdato og kontaktinformasjon til post@taekwondoklubben.no. Pris kr 400,- per halvår.

 
 

 
 

Barn 1 (7-8 år)

Barn1 er for alle barn i alder 7-8 år. Vi har framleis mykje leik, men trenar veldig målretta mot gradering. Partiet har opptak av nye utøvarar ved skulestart om hausten og etter gradering i januar. Partiet er populært, og vi vil vurdere fortløpande om det er behov for venteliste. Kontakt oss på post@taekwondoklubben.no for å høyre om det er plass. Pris kr 800,- per halvår. Familierabatt.

 
 

 
 

Barn 2 (9-11 år)

Partiet er for alle barn i alder 9-11 år. Også eldre barn (12-13 år) kan gjerne delta her; mange vil ha godt utbytte av det, spesielt nybegynnarar. Partiet har opptak av nye utøvarar ved skulestart om hausten og etter gradering i januar. For å setje deg på venteliste, kontakt oss på post@taekwondoklubben.no. Pris kr 800,- per halvår. Familierabatt.

 
 

 
 

Ungdom/voksne

I dette partiet har vi slått saman ungdom og vaksne og dette fungerer veldig fint. Frå ca 12-13 år kan ein trene saman med dei voksne. Dette går veldig fint, då treninga blir tilpassa den enkelte. På dette partiet har vi opptak av nye utøvarar heile året. Har du lyst å prøve, så still opp på trening med godt humør. Alder og fysikk er ingen hindring. Kontakt oss på post@taekwondoklubben.no før du kjem. Pris ungdom (12-18) kr 1 200,- per halvår, vaksen kr 1 400,- per halvår. Familierabatt.